Studentrekord i Volda

Det har aldri før vore så mange studentar ved Høgskulen i Volda

Nøgde: Studieåret 2018/2019 starta i strålande vêr i august.   Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det er hausten 2019 registrert ca 4.380 studentar ved Høgskulen i Volda.

– Det er fleire enn nokon gong tidlegare. Dei siste åra har høgskulen hatt i overkant av 4.000 studentar. Auken dei siste åra kjem hovudsakleg frå studentar som tek etter- og vidareutdanning på nett og samlingar i Volda eller i regionen, skriv rektor Johann Roppen i eit nyheitsbrev.

– Høgskulen har ikkje fått tildelt fleire nye studieplassar frå Kunnskapsdepartementet på bachelor- og masterstudium på fleire år, så mange nye studentar gjer det trongare på høgskulen, både når det gjeld parkeringsplassar, undervisningslokale og i budsjetta, skriv Roppen.