Vil gjere det betre for småfly på flyplassen

Småfly: Avinor vil ha eige areal for småfly på flyplassen. 

Nyheiter

Avinor ynskjer i skilje småflyaktiviteten frå den kommersielle flyginga på Ørsta – Volda lufthamn, Hovden.

Dette får Avinor til med å kjøpe eit eigna areal på flyplassområdet frå Ørsta og Volda kommunar.

Rådmannen i Ørsta er positiv til eit sal.

– Det er positivt med meir aktivitet ved flyplassen. Dette vil i seg sjølv ikkje generere meir aktivitet, men ut frå at ein får skilt flyklubbaktivitetar frå den kommersielle drifta kan det gjere det enklare å drive flyplassen, kommenterer rådmannen.

Avtalen med Avinor vert gjort med ein tilbakekjøpsklausul.

– Det vil kunne sikre at ein kan få tilbake arealet om det ein gong i framtida vert aktuelt å legge ned flyplassen.