Krafttaket 2019 - med kraft til å skape gode gjerningar

PopKORn i aksjon

Tysdag 1. oktober gjekk startskotet for Krafttaket 2019. Vi i PopKORn har allereie fått bidra med to gode gjerningar.

Konsert: I aksjon utanfor Roth Daglegvarer. 

Nyheiter

Onsdag 2. oktober besøkte vi bebuarar, pårørande og tilsette på Vartdal Helsetun. Der kosa vi oss saman ei heil stund. KOret sang fleire songar og fekk med seg forsamlinga på litt «musikalske sprell».

Ei av damene hadde bursdag, så då vart det feiring med bursdagssong og marsipankake.

Foreldra frå koret hadde også med gode kaker til kaffien. borna fekk forfriskande saft. Vi fekk mange gode samtalar, og fann ut at det å vere born «i gamle dagar», ikkje var heilt slik som i dag. Ein godt vaksen kar på 97 år kunne fortelje at han var oppteken med å passe dyra på garden då han var rundt ni år.

Brettspel: Aslaug Vartdal og Asbjørn Brekke lærer borna kinasjakk. Rikke Vartdal til venstre, Marte Otterlei til høgre. 

Vi fekk også høyre imponerande jodling frå Annlaug Vartdal.

Ulike brettspel vart henta fram. Kinasjakk var ukjent for dei yngste og slo godt an.

PopKORn har også tidlegare sunge på Helsetunet, men vi kjem garantert attende for meir sosialt samvær.

Laurdag 5. oktober braka det laus med utandørs konsert for bygdefolket. Lydmannen vår Levi-André Leite rigga til anlegg utanfor Roth Daglegvarer. I strålande sol heldt PopKORn ein times lang konsert for eit engasjert publikum. Dei klappa, hoppa og dansa til. Konserten vart avslutta med allsong av «Fager kveldssol».

Dei tilsette ved Roth Daglegvarer overraska borna i PopKORn med ferske kanelbollar.

Jodling: Annlaug lærer Sunniva kunsten å jodle. Her saman med dottera Lidvor Mork Sætre. 

Vi i PopKORn er svært takksame for å få vere med i krafttaket. Vi får bidra med å spre glede gjennom song og musikk. Samstundes får vi moglegheit til å styrke økonomien i koret. Dette bidreg igjen til at vi får kjøpe inn materiale, anlegg og anna musikkutstyr. Vi får også sjans til å arrangere konsertar, sosiale samankomstar og øvingshelger for borna. Koret vart starta opp våren 2018 og har no om lag 30 born med, i alderen fire til 13 år.

Tusen takk til Tussa.

Vi vil takke alle som stemmer på PopKORn, og vil ynskje alle dei andre deltakarane i krafttaket lukke til.

Vi er alle vinnarar!