Over 90 på handballskule

Det var ingenting å seie på aktivitetsnivået og hu- møret blant deltakarane på handballskulen til Ørsta IL handball.

Blide deltakarar: Madelene Almestad, Madeleine Yksnøy, Emma Linnea Hovdenakk og Ylva Flo Bratteberg storkoste seg på handballskule i Ørstahallen. 

Det er kjempekjekt å vere med på handballskule

Madelene Almestad, Madeleine Yksnøy, Emma Linnea Hovdenakk Kristiansen og Ylva Flo Bratteberg
Nyheiter

Etter nokre år utan handballskule var det igjen fullaktivitet på handballfronten i haustferien. Handballgruppa samarbeider med hovudsponsoren sin Sparebank 1 Søre Sunnmøre om Sparebank 1 handballskule. I forkant sette handballgruppa eit tak på nitti deltakarar. Nokre meinte at det kanskje var eit litt hårete mål, men det var berre nokre få plassar frå at handballskulen var fullteikna.

– Vi er kjempenøgde med å vere nesten nitti deltakarar. No har vi også Ørstahallen med flotte fasilitetar å vere i, sa Norunn Fagerhol i Ørsta IL handball.

Fruktpause: Mathias Welle Aam og Anders Vatsaas delte ut bananar og eple til deltakarane.  Foto: Joachim Åsebø

Fire av jentene som tok del i handballskulen var Madelene Almestad, Madeleine Yksnøy, Emma Linnea Hovdenakk Kristiansen og Ylva Flo Bratteberg.

– Det er kjempekjekt å vere med på handballskule, seier jentene i kor og med eit stort smil.

– Her får vi mange nye vener, vi vert sterkare og så er det kjekt å halde på med handball.

Avslutningstrening: Are Lillebostad Bjørdal testar kastarmen.  Foto: Joachim Åsebø

Alle jentene har spelt handball i nokre år. Nokre av dei har vore med handballskule tidlegare, medan det var første gong for andre. Handballskulen hadde berre vart i nokre timar då Møre-Nytt var innom, og jentene var samstemte om at dei gleda seg til det som venta.

Handballskulen starta tysdag og varte til og med torsdag.

– Deltakarane er delt inn i aldersklasse. Jentene og gutane i 1.- til og med 3.- klasse er samla i ei gruppe. Det same gjeld for 4.- og 5.-klassingane. I dei eldre årsklassene er gutane og jentene i eigne grupper. Vi starta handballskulen med leikeaktivitetar slik at deltakarane skulle bli betre kjende med kvarandre, og så blir meir handballrelatert etter kvart, sa Fagerhol.

Øving: Instruktør Nikolai Fagerhol Sira instruerer nokre av dei yngste deltakarane på handballskulen.  Foto: Joachim Åsebø

Klubben stiller med eigne instruktørar i Ørstahallen. Spelarar frå herrelaget, G18-, G16-, J16- og J14-laga er på plass og styrer aktiviteten. Kvar dag er det også lagt inn fruktpausar slik at energilagera får eit påfyll.

– I tillegg får deltakarane juice. På torsdag blir det også servert pizza.