Runar i helga

"Det mest avanserte og tyngste arbeidet eg har lært meg, er å bruke motorsag"

Runar Gudnason  Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

Det som varmar aller mest: Å sjå korleis me på litt keitete vis prøver å få kontakt med kvarandre, og kor mykje me alle liknar på kvarandre

Nyheiter

Sjølv om eg er oppvaksen i Hovdebygda, og kjenner ein del bønder og friluftsfolk, har eg aldri vorte ein av dei. Eg har følt meg meir velkomen og komfortabel i kulturen enn naturen, og eg likar meg aller best inne i varmen i godt selskap med folk, bøker, musikk og filmar.