Næringsfondet vil støtte Skår-satsinga

Rådmannen støttar eit framlegg frå næringssjefen om å støtte turismesatsinga på Skår med 250.000 kroner frå Næringsfondet.

Næringsfondet støttar satsinga til Johan Skår.  Foto: Sveinung Walseth

Nyheiter

Det er Johan Skår som har søkt det kommunale Næringsfondet om støtte til vidare utvikling av turismeprosjektet på Skår.


Dette kan bli det nye eksotiske turistmålet i Hjørundfjorden

Blir Skår det nye Urke? Eller kanskje det nye Trandal?

 

– Tiltaket ligg innanfor retningslinjene til Næringsfondet og er elles i tråd med dei viktigaste føringane i masterplanen for reiseliv/produktutvikling i Ørsta, der opplevingar basert på natur, kultur og lokal mat er eit satsingsområde, heiter det frå rådmannen.

Johan Skår vil satse på turisme på Skår.  Foto: Svein Aam

Næringskontoret framhevar den store eigeninnsatsen som allereie er lagt inn i prosjektet, og meiner prosjektet bør fullførast.