KFUM Volda tilbake i toppen

Møt volleyball-familien Todorov

– I over 30 år har livet mitt dreia seg berre om volleyball, både som spelar og trenar. Natt og dag, alle samtalar og venner er rundt sporten. Sjølvsagt møtte eg kona mi også i volleyball-hallen!

Volleyball: - Volleyball er ein sport for smarte folk. Det er ein vitskap og når du går djupt inn i sporten, så forstår du kor komplisert det er. Du treng både tid, kunnskap og av og til må ein ofre andre ting, seier Maria og Vladislav. Alle foto: Oddhild Harman 

Nyheiter

Det er no over fem år sidan Marija Todorova og Vladislav Todorov kom til Volda. Det skulle vere ein ferie, men vêret den sommaren var særdeles bra, derfor brukte den vesle volleyball-familien ein del timar ved volleyballbana på Årneset. Slik oppdaga dei miljøet i Volda.