Slo Skodje 2–1

HIL toppar - stort opprykkshåp

Farleg: Hovdebygda farleg frampå. Foto: Sveinung Walseth 

Sidan mai har vi vore gode bakover, og vi får det oftare til å stemme framover. Så ja, vi er eit godt lag

HIL-trenar Kenneth Nydahl
Nyheiter

To serierundar før sesongen er over, tok Hovdebygda steget til topps i femte divisjon. Det skjedde med ein 2–1-siger over Skodje.

– No er det heilt opp til oss om vi skal toppe tabellen ved sesongslutt. Men vi har att to tøffe kampar, og det er framleis bananskal å skli på, seier trenar Kenneth Nydahl.

Det er fotballstemning i Hovdebygda. Laget har vore med i tetbiletet heile sesongen, men sjølve topplasseringa har verka vanskeleg å nå. I ferien var det tolv poeng opp til leiarlaget Sykkylven.

Utilnærmelege

I haust har Hovdebygda vore mest utilnærmelege, medan Sykkylven har hatt ein formsvikt.

Med sigeren torsdag, samstundes som Sykkylven gav vekk to poeng, klatra HIL forbi og til topps.

Kampen mot Skodje på kunstgrasbana i Hovdebygda var jamn. Sjølv om Skodje er nedrykksplassert, var det eit heiltend lag som vitja Hovdebygda.

– Skodje har dessutan forsterka laget i haust, og det var eit heilt anna og mykje betr lag enn vi møtte i vår, som kom på besøk, fortel Nydahl.

Hovdebygda opna best, og spelarane og heimepublikum ville ha straffespark dåm Steffen Myklebust gjekk over ende i feltet tidleg i kampen.

Det vart ikkje blåst straffespark.

Men HIL lukkast likevel å ta leiinga. Etter ein halvtime fekk Hovdebygda ein dødball, og innlegget fekk Robert Roseth i mål.

Uro i magen

Hovdebygda gjekk til pause med ei 1-0-leiing, men Nydahl var langt frå sikker på at leiinga ville halde heilt inn.

– Eg hadde litt uro i magen. Skodje kom på kontringar, men sjølv om det ikkje resulterte i store sjansar i fyrste omgang, visste vi at dei kunne vere farlege.

Steffen Myklebust  Foto: Sveinung Walseth

Og seks minutt ut i andre omgang utlikna gjestene. Det var etter ein situasjon som eigentleg såg ufarleg ut. Eit innlegg kom inn i feltet, og HIL-spelarane var i fleirtal. Men ein HIL-forsvarar var uheldig, og beina ballen i eige mål.

Straffespark

Hovdebygda gjekk for siger, og elleve minutt ut i andre omgang kom sigersmålet. Steffen Myklebust vart hekta i straffefeltet, og det vart dømt straffespark. Robert Roseth var sikker eksekutør, og skåra sitt andre mål for dagen.

I resten av kampen prøvde Hovdebygda å kontrollere.

– Skodje greidde å kjempe seg til dødballar, og satsa på å slå langt inn i felte. Men vi heldt unna, seier Nydahl.

No ventar eit intenst opprykksdrama i dei to siste rundane. Hovdebygda toppar med 43 poeng, medan Sykkylven og Langevåg begge har 42 poeng. Berre to av laga får opprykk.

Hovdebygda skal møte Godøy på bortebane, og skal avslutte mot Stranda på heimebane.

Dei to andre opprykksrivalane, Sykkylven og Langevåg, skal begge møte Skodje, som altså Hovdebygda møtte torsdag.

Overraskande

– Eg håper Skodje stiller med same sterke mannskap i dei kampane som dei gjorde mot oss, seier Nydahl.

Før sesongen starta hadde HIL-spelarane som mål å hevde seg blant dei tre beste

  Foto: Sveinung Walseth

– Men at vi skulle toppe to rundar før slutt, er overraskande.

– Sidan mai har vi vore gode bakover, og vi får det oftare til å stemme framover. Så ja, vi er eit godt lag, seier Nydahl.