Vil ha kjempefest for nye Volda

Nyheiter

Det ser ut til å verte ein kjempefest i Mørehallen for å markere nye Volda kommune. Det skjer truleg i januar.


Dette går fram av eit møtereferat frå temakomiteen for kulturbygging i nye Volda kommune.

Fellesnemnda for nye Volda kommune har bedt temakomiteen om å planleggje ei markering av kommunesamanslåinga innanfor ei nøktern ramme.

No er konklusjonen til nemnda klar.

Dei ynskjer ei festframsyning i Mørehallen den 11. januar. Nemnda ser føre seg å nytte kremen av lokale krefter frå heile den nye kommunen til festframsyninga. Nemnda har sett ei tidsramme på fire timar.

Komiteen finn Mørehallen best eigna til arrangementet.

 På festen skal det vere ei enkel matservering, og det er ynske om ei eiga festkake pynta med nytt kommunevåpen/ordførarkjede.

 Enkel matservering, festkake med nytt kommunevåpen/ordførarkjede bør vere sjølvsagt.

Komiteen for kulturbygging vil fungere som styringsgruppe for arrangementet.

Rune Sæbønes