Opnar for gjenfangst av rømt oppdrettslaks med garn og not i Ørsta og på Fyrde

Det er gjeve pålegg om utvida gjenfangst av rømt oppdrettslaks i Ørstaelva og Fyrdselva. Not og garn kan brukast nær osen.  Foto: svein aam

Nyheiter

Fiskeridirektoratet har fått tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks i Ørstaelva, Fyrdselva og Stordalselva, og kjem med pålegg om utvida gjenfangst.

Gjenfangsten kan utførast med garn eller not inntil osen av desse vassdraga. Spesielt gjeld dette for Stordalselva, der laks har blitt observert i større mengder.

– På bakgrunn av innrapportert snittvekt på observasjonar og gjenfangstar i elvane, ser Fiskeridirektoratet fangstane i samanheng med rapporterte rømmingar frå Mowi-anlegga på Rønstad og Voldnes, står det i ei pressemelding.

Fiskeridirektoratet ynskjer tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i området. Slike tips kan meldast til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral på telefon 911 03 277.