Forureining frå oppdrettsanlegg

Volda kommune ber om hjelp frå Fylkesmannen

Voldsfjorden/Dalsfjorden  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune har motteke meldingar om mogleg forureining i sjø- og fjøreareal ved Kvangardsnes i utløpet av Dalsfjorden.

– Det er meldt om ei svært illeluktande brun masse som driv i sjø og fjøreområda. Det er opplyst om at det har vore fleire slike episodar gjennom fleire år, men dette har vi ikkje dokumentert, skriv Volda kommune i eit brev til Fylksmannens

 miljøvernavdeling.

Kommunen skriv og at drivarane av oppdrettsanlegga i nærområdet har opplyst om at det har vore problem knytt til dødelegheit på fisk, og at Mattilsynet er kopla inn.

– Kommunen ønskjer bistand frå fylkesmannen si miljøavdeling til vidare handtering og oppfølging av denne saka, skriv Volda kommune.