Mange uløyste saker

Volda vil ha møte om Bjørke

Kvar skjer med Finnes-vegen? Det er eit av spørsmåla Bjørke grendalag vil diskutere med si nye kommune.

Bjørke, med Hornindalsrokken i bakgrunnen.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Rådmann Rune Sjurgard i Volda har skrive e-post til grendalaget der han inviterer til møte for å ta opp aktuelle tema rundt overgangen til Volda kommune.

I svaret skriv Nina Viddal, på vegner av Bjørke grendalag: "Vi vil gjerne diskutere følgande tema: Beredskap (båt, kaier, brann, skred). Finnesvegen (vi vart lova oppgradering av Ørsta kommune, der er satt av en million kr, men ingenting har skjedd). Reiseliv i fjorden/kommunen. Fram Flex (også viktig for beredskap).  Breiband.

– Vi ønsker å vere involvert og informert for å sikre Bjørke sine innbyggarar ein så god overgang til ny kommune som muleg, avsluttar Viddal.