Nye storkommunar er misnøgde med statsbudsjettet

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) seier at ingen kommunar i utgangspunktet skal tape på å slå seg saman.   Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK

Nyheiter

Fleire nye storkommunar er misnøgde med den økonomiske utteljinga dei får i statsbudsjettet. KS peikar på at alle kommunar, både nye og gamle, får det stramt med det nye statsbudsjettet.

– Dette er dramatisk, og viser at kommunereforma er underfinansiert. Vi må starte bygginga av ein heilt ny kommune med underskot, trass i at betre økonomi blei brukt som insentiv for kommunereforma, seier Trine Lindborg, som ligg an til å bli ny ordførar i nye Bjørnafjorden kommune, til Bergens Tidende.

Også i fleire av dei nye storkommunane lenger nord på Vestlandet ser ein mørkt på dei økonomiske utsiktene for 2020.

Både nye Sogndal kommune og nye Sunnfjord kommune er skuffa over løyvingane på statsbudsjettet. Kommunedirektør Ole John Østenstad i nye Sunnfjord kommune meiner regjeringa undervurderer kva det kostar å slå saman kommunar. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

KS: – Ikkje løftebrot

– Så vidt vi kan sjå, er det ikkje gitt klare løfte om at alle kostnadar knytt til sjølve samanslåinga av kommunar skal dekkjast fullt ut. Det blei gitt eit eingongstilskot som var gradert etter talet på innbyggjarar og talet på kommunar som var med i kvar enkelt samanslåing, seier områdedirektør for interessepolitikk Helge Eide i KS til Nynorsk pressekontor.

Han peikar likevel på at eingongstilskotet truleg ikkje var tilstrekkeleg til å dekke utgiftene til kommunane i samband med samanslåingane.

– Det er god grunn til å anta at eingongstilskotet på langt nær har dekka alle kostnader i samanslåingane, seier han.

Alle får det stramt

Eide peikar òg på at det ikkje berre er dei nye storkommunane som får det stramt med det nye statsbudsjettet.

– Både nye storkommunar og gamle kommunar får det relativt stramt, men ikkje mykje strammare enn tidlegare år.

– Hovudutfordringane for kommuneøkonomien er det kraftige presset mot spesielt helse- og omsorgstenestene. Det blir òg hovudutfordringa i dei nye samanslåtte kommunane. Meirutgiftene til samanslåing som ikkje er dekka av eingongstilskotet, er ei utfordring, men på langt nær like alvorleg som det vedvarande presset på helse- og omsorgstenestene, avsluttar han.

– Ingen skal tape på samanslåing

Ifølgje rådmannen i den nye Bjørnafjorden kommune vil samanslåinga av Os og Fusa koste rundt 100 millionar. Det er langt meir enn dei 45 millionane staten, ifølgje han, har gitt dei i stønad.

– Det er vanskeleg for meg å svare for enkeltkommunar, men utgangspunktet er at ingen skal tape på samanslåing, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til BT.

Kommunikasjonsavdelinga i Kommunaldepartementet presiserer overfor avisa at ikkje alt er rekna med i tala som viser null prosent vekst for Bjørnafjorden neste år.