Jojo-Eirik med nytt show på Norske Talenter

Eirik Sætre Hove opptrer på Norske Talenter på TV2 fredag.  Foto: Anthiny Huus

Nyheiter

Komande fredag er det klart for ei ny dommarutveljing på Norske Talenter på TV2, og voldingen Eirik Sætre Hove – alias Eirikyoyo – er blant konkurrantane.

Jojo-viritousen imponerte stort i førre program, og dommarpanelet er denne gongen forsterka med gjestedommar Arill Riise, opphavleg frå Sæbø og journalist og nyheitsanker på TV2.

I løpet av fire fredagar i oktober med dommaruveljing vert dei som har gått vidare frå første runde inviterte tilbake for å opptre på nytt. Dei som går vidare nok ein gong, får vi sjå i direktesendt semifinale i november.

Eirik skal konkurrere mot sytten andre talent, og vi får sjå og høyre alt frå song, gitar og piano til tamilsk dans, hundetriksing – og altså jojo-oppvisning.