Ein kvart million laksekroner til Ørsta og Volda

Ørsta IL Fotball får mest laksekroner i år.   Foto: Svein Aam

Nyheiter

Lakseoppdrettsselskapet Mowi – tidlegare kjend som Marine Harvest – deler ut ein kvart million kroner til ulike tiltak i Ørsta og Volda kommunar.

- Vi i Mowi er avhengige av lokalsamfunna vi held til i. Difor har vi gjennom ei årrekkje støtta lokalsamfunn langs kysten, seier produksjonssjef John Ivar Sætre.

Han seier at selskapet ynskjer å vere ein støttespelar spesielt for lag og foreiningar som driv kultur, fritids- eller idrettsaktivitetar.

I år gjev selskapet 100. 000 til Ørsta IL fotball, 30. 000 kvar til både Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag og Vartdal Turn og idrettslag. I Volda stakk Indre Dalsfjord grendalag av med 50. 000, og Volda Langrenn og Skiskyting og Norske Redningshunder fekk 10. 000 kvar.