Hjørundfjord Filmteater presenterte seg for filmfolk

"Salen svarte med trampeklapp og jubelrop"

Årets filmklubb- Hjørundfjord Filmteater- fortalde om seg sjølv på Bergen internasjonale filmfestival, og fekk trampeklapp.

Erlend Walseth i Hjørundfjord Filmteater gjorde stor suksess på BIFF  Foto: Hjørundfjord Filmteater

Nyheiter

– Då vi fekk førespurnad om å tale til dei fremste i filmbransjen  om korleis vi tenkte rundt filmformidling, så følte vi oss brått som ein liten filmklubb i ei lita bygd igjen. Men vi måtte jo slå til og dro til BIFF - Bergen internasjonale filmfestival, skriv filmteateret i eit innlegg dei har sendt til Møre-Nytt.

Erlend Walseth tok oppdraget på strak arm og deltok på eit seminar der mykje av fokuset var på utfordringar, problem og frustrasjonar i norsk filmbransje. For deltakarane på seminaret kom då historia om den vesle filmklubben som driv stort og kreativt som eit frisk pust. Her kom det fram kva som skal ligge til grunn for ein god filmoppleving, det sosiale aspektet og gleda med det ein held på med. Dei fekk seg mellom anna tur til ulike skogskinoar i Gunnarråsa og Holen, stumfilmkonsertar på Sæbø bedehus, kassebilløpet på Sæbøneset og operaorkesteret frå Kristiansund i kyrkja. 

"Tilbakemeldingane var at dette var til stor inspirasjon. Enkelte vart også så røyvde at dei felte ei tåre, og salen svarte med trampeklapp og jubelrop.  Det kanskje største bransjebladet for filmbransjen i Norge oppmoda i etterkant bransjen om å sjå til ein smal fjord på Sunnmøre for å lære om filmformidling! Og det heile blei satt i en større ramme av ein formsterk Walseth som også snakka generelt om den positive utviklinga på Sæbø og i Hjørundfjorden. Dei siste orda på seminaret vart sagt av festivalsjef og filmnestor Tor Fosse: “Lite veit vi om framtida, men ein ting veit vi - det kjem til å vere Sunnmøringar der!” ", skriv Hjørundfjord Filmteater.