Fleire kyrkjer og større utgifter i Volda

Grensejustering og kommunesamanslåing gjer at kyrkjebudsjettet i Volda må aukast monaleg.

Bjørke kyrkje: Volda kommune får frå 1. januar ansvaret for drift og vedlikehald av Bjørke kyrkje. 

Volda kyrkje: Den administrative ressursen for kykjene i Volda må aukast. 

Nyheiter

Det kjem fram av budsjettforslaget til Den kyrkjelege fellesnemnda for nye Volda.

Framlegget til driftsbudsjett 2020 for nye Volda kyrkjelege fellesråd er ei vidareføring av driftsbudsjett 2019 for Volda kyrkjelege fellesråd med dei endringane av drifta utvidinga av fellesrådsområdet med Hornindal og Storfjorden sokn fører til.

Fire stillingar frå Hornindal og Storfjorden sokn vert vidareført. Sekretærressursen vert utvida med 40 % for å ha kapasitet til dei administrative oppgåvene knytt til drifta av fleire sokn, sokneråd, tilsette og kyrkjebygg, og administrasjon av fleire gravplassar.

Vidare er det lagt inn midlar for å finansiere utviding av kyrkjekontoret i Volda for å ha nok kontor til ny sokneprest for Austefjord, Hornindal og Storfjorden, utvida sekretærressurs og ny stilling som trusopplærar (finansiert av statleg tilskot til trusopplæring).

For å finansiere nye Volda kyrkjeleg fellesråd si drift i 2020 må det kommunale tilskotet aukast med 1,252 millionar kroner frå 6,189 til 7, 440 millionar kroner.

Volda kyrkje: Den administrative ressursen for kykjene i Volda må aukast.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

I år har Hornindal kommune gjeve eit driftstilskot på 580.000 til kyrkja i Hornindal. I tillegg må utgiftene til gravar på gravplassen i Hornindal på 70.000 kroner overførast til nye Volda.

Ørsta kommune har i år gjeve 165.000 kroner i driftstilskot til Storfjorden sokn.

– Verdien av Storfjorden sin del av kyrkjelege stillingar i Ørsta som har teneste i heile fellesrådsområdet og felles administrative kostnadar inkludert kyrkjekontor er stipulert til 225.000 per år.

Til saman utgjer dette 970.000 kroner.

Vedlikehaldsbehov

Når det vert bede om meir i driftstilskot enn kostnaden med Bjørke og Hornindal har vore, har det samanheng med auka IKT-kostnader, eit auka generelt driftsnivå og høge vedlikehaldsutgifter,

– For å kunne drive eit forsvarleg vedlikehald av kyrkjebygga våre er vi avhengig av ei større tilskotsramme. Fleire av dei større tiltaka i planen for kyrkjebygga er å rekne som vedlikehald og må bli finansiert innanfor driftsbudsjettet. Fellesnemnda ber derfor om at det ekstraordinære tilskotet til vedlikehald kyrkjebygg på kr 500.000,- vert vidareført i 2020, heiter det frå kyrkjeverje Jostein Stråbø.