Ingen nye tiltak i Ørsta og Volda

Regjeringa set av midlar til ferjekaier i Ørsta og Volda i statsbudsjettet, men der er ikkje midlar til nye tiltak i samferdselsbudsjettet.

Volda ferjekai. Foto: Kjell Arne Steinsvik  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

I Følgje regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2020, er der sett av pengar til utbetring av ferjekaiene i sambanda E39 Festøya - Solavågen og rv. 651 Volda - Folkestad. Dette skjer i samband med innføring av nye ferjer. Arbeidet er alt i gang, og dei nye ferjene skal vere i drift frå årsskiftet.

Det er også sett av midlar til vidare utbetring av av Rosethorntunnelen på E39 i Volda kommune.

I forslaget til statsbudsjett stadfestar regjeringa at staten framleis vil støtte flyruta Ørsta-Volda lufthamn - Bergen. Den nye kontrakten skal gjelde frå 1. april 2020 til 31. mars 2024.