Infrastrukturdugnad i Follestaddalen

Follestaddalingane har god plan for å betre infrastrukturen, men treng hjelp frå kommunen for å berge gatelysa

Follestaddalen skal få ny infrastruktur på dugnad,men kva med gatelysa?  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Dette er saka: Tussa skal legge fiber i Follestaddalen, og kablane skal gravast ned i ei grøft etter "dugnadsmodellen".

I grendelaget er det praktiske folk, som har fått Mørenett til å legge sine lågspentlinjer gjennom rør i same grøfta. Men så er det berre det at gatelysa vert utan straum når lågspentlinja vert lagt i bakken. For å løyse dette problemet må også kommunen koplast på infrastrukturdugnaden.

- At Mørenett ville vere med på eit samarbeid i så stort omfang som dei ville, kom som ei gledelig overrasking på oss. Men vi har no fått det meste klart og arbeidet er no nesten klart til settast i gong, og folket er klar til dugnad, skriv grendelaget i eit brev til kommunen.

Grøfta vert 11 kilometer, og grendelaget peikar på at det vil koste svært lite å legge til rette for at gatelysa får straum via rør i bakken.

- Vi presiserer at det er rør til eksisterande gatelys dette i hovudsak dreier seg om (om lag 60 gatelys i dag), og i dag ikkje ei oppgradering til fleire lys i første omgang. Ved at ein også legg rør til gatelys i same grøft vil det vere ein enkel jobb å få straum på gatelysa igjen. Vidare arbeid med kabling i jord kan takast på eit seinare tidspunkt. Med eit bidrag på omlag 600 000 så kan vi samtidig med legging av fiber, sørge for at infrastrukturen til gatelysa kjem på plass i dugnadsgrøfta vår. Vi tenker at dette vil vere ei svært god løysing for både Ørsta kommune og innbyggarane i Follestaddalen, skriv grendelaget i det som må oppfattast som ein søknad om pengestøtte.

- Vi håpar kommuna ser nytta av å vere med på dette arbeidet, som vil sikre Follestaddalen gatelys og trafikktryggleik også i framtida, og som også vil gjere vedlikehaldet frå kommuna si side minimalt på sikt, skriv grendelaget i Follestaddalen.