- Heile småkraft-bransjen vil bli utradert

Nyheiter

- Innføring av grunnrenteskatt i småkrafta vil i praksis føre til ei utradering av heile bransjen slik vi kjenner den i dag. På sikt vil dei fleste gå konkurs og seljast med betydelege tap for eigarar og bankar, seier Knut Olav Tveit, som er dagleg leiar i Småkraftforeininga.

Før helga skreiv Møre-Nytt om framlegget til ny skattlegging av vasskrafta, som kraftskatteutvalet overleverte til finansminister Siv Jensen. Kort fortalt går utvalet inn for å avvikle spesialordningane som gjev kommunar direkte skatteinntekter frå vasskraft, og i staden sluse vasskraftinntektene inn til staten. Det skal gjerast ved å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg meiner utvalet at eigedomsskatten for vasskraftverk bør bli "normalisert", og sendast til staten.

Trond  Ryslett meinte forslagt, viss det går gjennom, vil medføre at Volda kommune får null i innteker frå Tussa-kraftverket på Bjørke, og at småkraftprodusentane vil få alvorlege problem.

Årsaka er at kraftskatteutvalet foreslår å pålegge grunnrenteskatt til langt mindre småkraftverk enn i dag, og i tillegg auke rentesatsen.

- Dette har sendt sjokkbølgjer gjennom norsk småkraftbransje. Fleire salstransaksjonar er allereie stoppa fordi kjøparane ikkje veit om verket vert lønsamt. Vi har også fått meldingar om at nybygg er sette på vent. Det er ein velfungerande, lønsam bransje som no er kasta ut i eit vakuum over natta, seier Tveit.

Småkrafta har i dag femti verk under bygging og ein reserve på 350 prosjekt som har fått konsesjon. Småkraften har i dag 50 verk under bygging og en reserve på 350 konsesjonsgitte prosjekter.

Tveit fryktar full stopp:

- Grunnrenteskatt gjer eit lønsamt prosjekt før skatt ulønsamt etter skatt.