Køyrde i narkotikarus

Nyheiter

Ein mann i slutten av 20-åra er sett under tiltale etter at han køyrde bil i narkotikarus og for oppbevaring av narkotika.

Bilkøyringa skjedde i mars i år ifølgje tiltalen, og den tiltalte hadde heller ikkje gyldig førarkort. På same tidspunkt oppbevarte mannen mdma, mindre menger amfetamin og andre narkotiske stoff i sin bustad.

Mannen må i retten også svare for fire tiltalepunkt knytt til bruk av narkotika. Desse lovbrota gjeld bruk av hasj og amfetamin i mindre mengder.

Frå politiet si side vert det lagt ned påstand om tap av førarretten i samband med saka.

Mannen er sett under tiltale i Sunnmøre tingrett.