- Har vore eit fantastisk sirkus

Beate Slettevoll Lech er ute av Stjernekamp

Beate Slettevoll Lech i Stjernekamp  Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Nyheiter

Ho fekk mykje ros både for prestasjonen som hardrockar og salmesongar, men likevel vart Beate Slettevoll Lech frå Volda , også kjent som Beady Belle, stemt ut av NRK-programmet Stjernekamp laurdag kveld.

I sjangeren hardrock tolka ho Deep Purple-klassikaren Highway Star.

- Her går det unna i 100 kilometer i timen, meinte dommar Thomas Feldberg.

- No var det full action, sa fagdommar Ronny Le Trekrø.

Sjølv sa Beate at ho "var heilt skjelven" etter å ha gitt full guffe som 70-tals hardrockar.

Salmar var andre kategori i denne eposiden. Her var Beate Slettevoll Lech meir på heimebane, ettersom ho har gitt ut to plater med salmar. Ho valde ut favorittsalmen til mormora, "Mitt hjarte alltid vankar".

- Det du leverer er utruleg vakkert. Du har ein teknikk som er utruleg beundringsverdig, meinte fagdommar Helene Bøksle.

Men ein av fem måtte ut av programmet, og det var Slettevoll Lech som fekk færrast stemmer.

- Det har vore eit fantastisk sirkus, med fantastiske utfordringar og fantastiske folk å jobbe med, sa Beate Slettevoll Lech.