Komikar Ørjan Burøe til Ørsta med nytt show

- Det sit langt inne for menn å vise kjensler. Ja, på den måten er vi på ein måte i Nord-Korea

Show: Laurdag 19. oktober kjem komikar Ørjan Burøe til Ørsta med showet «Store gutter gråter ikke». Foto: Kristian Jøraandstad 

Nyheiter

Komikar Ørjan Burøe har trakka så mykje i gatene i Ørsta og Volda at han føler han no skal ha show på heimebane.

– Det er alltid skummelt med svigermor i salen, seier Burøe på spøk.

Det som slett ikkje er nokon spøk er at den populære komikaren kjem til Ørsta kulturhus laurdag 19. oktober. Ikkje berre det: Interessa er så stor at det allereie er sett opp ei ekstraframsyning.

Stand-up-komikaren sitt ferske show «Store gutter gråter ikke» handlar i stor grad om kjensler. Og det ser ut til å trigge folk: Burøe har spelt vel ti framsyningar, og allereie no har han selt over 15000 billettar.

Påstand

Burøe kjem med ein påstand:

– Vi menn vert undervurdert i det å vise kjensler. Og det vert sagt at menn ikkje har så mange kjensler som kvinner. Det er sjølvsagt berre tull. Men det som ikkje er tull er at det sit langt inne for menn å vise kjensler. Ja, på den måten er vi på ein måte i Nord-Korea, reflekterer Ørjan Burøe.

Han har ingen problem med å vise kjensler. Og han kler seg fullstendig «naken» i den nye, usminka framsyninga der han ikkje minst fortel frå sitt eige liv, der han no står, der også motgangen får sin rause dose i ei framsyning som kan by på både gråt og latter. Som Burøe seier:

– Når folk kjem bort til meg etter framsyninga veit dei ikkje heilt om dei skal gi meg ein klem eller ta ein high five, smiler komikaren i skjegget.

Kona hans Marna Haugen, også kjent som Komikerfrue, har dette året vore gjennom kreftbehandling. Samtidig har Ørjan Burøe laga show - også etter ein periode der han tok eit oppgjer med seg sjølv og den tida han meiner han var ei dårleg utgåve av seg sjølv. Dette var også stoff for den tabloide pressa. Alt dette har kosta, og når Burøe frå scena også gir bitar av livets meir mørke haustdagar, utfordrar han seg sjølv meir enn nokon gong.

Likevel synest Burøe det er viktig å presentere desse alvorsglimta. Burøe meiner at humor kan brukast til mykje, også når bakkane vert ekstra bratte.

Løysinga

– Humor er ofte løysinga når alt er trist. Det må vere lov å le også då. Det kan vere slik at det er i det mørkaste ein finn det mest morosame. Og ikkje gløym at vakre låtar vert skrivne i sorg, seier Burøe.

Han har eit håp om at dei som har sett showet lettare kan «opne» seg når dei høyrer at det slett ikkje er farleg å vere ærleg om dei krevjande sidene av livet.

I det nye showet, som er laga med god hjelp frå Ørjan Liavåg og Bjarte Jørgensen, får publikum også møte songaren Ørjan Burøe.

– Liavåg har regien. Han har stor erfaring og er veldig seig og audmjuk - og ein fin fyr. Slikt kan eg like, seier komikaren.