Tussa inviterer til jubileumsfest

26. oktober inviterer Tussa til stor test.  Foto: Tussa

Nyheiter

Når Tussa inviterer til 70-årsjubileum, er det duka for fest. Og det skjer laurdag 26. oktober i Ørstahallen med eit variert program.

- Vi jubilerer og inviterer inn til stor folkefest! Vi byr på underhaldning med høg kjendisfaktor og konkurransar med flotte premiar. I tillegg vert det sponsorshow med trekking av 10 000 kroner til eit av laga. Vi avsluttar festen med showturnering i den populære Tussaligaen i e-sport, skriv Tussa.

Det vert også sponsorparade og konsert med lokale stjerner frå Volda, Ørsta, Ulstein, Vanylven, Sande, Herøy og Hareid.

Og så dukkar Andreas Wahl opp. Han er kjendisfysikar, vitskapsformidlar og programleiar. Og i Ørstahallen byr han på energishow.

Arrangementet er gratis, men ein må sikre seg billett gjennom Tussa.