To helikopter søkte i fjellet etter melding om fall

Sea King-redningshelikopter.   Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Klokka 17.35 melde Hovudredningssentralen Sør-Norge at redningshelikopter frå Florø var sett inn i søk ved Middagshornet i Ørsta. Politi melde at det var sett i gang søk etter melding om eit mogleg fall frå fjellet. I tillegg til redningshelikopteret gjennomførte ambulansehelikopter søk i området.

- Søket som pågår no er basert på ein litt usikker observasjon av ein person. Eit lite turfølgje på to personar hadde vore oppe på Middagshornet og såg ein uidentifiserbar person i eit bratt område. Det er glatt i området grunna nysnø, og turfølgjet vart usikre på kor personen vart av. Dei ringde om melde om observasjonen til politiet, og søket vart sett i gang. Det er to helikopter der oppe, eit frå Hovudredningssentralen i Florø og eit ambulansehelikopter frå Ålesund. Så langt er det ikkje funne noko. Den alpine redningsgruppa med seks klatrarar er også klare på Ørsta-Volda lufthamn, sa redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen Sør-Norge til Møre-Nytt like etter klokka 18.00.

Klokka 18.20 melde HRS Sør-Norge at søket var avslutta. Det vart ikkje gjort funn eller funne teikn på at det skulle ha skjedd ei ulykke.