Statsbygg vil kvitte seg med tidlegare asylmottak i Volda

Den tidlegare hjelpepleieskulen i Volda er til sals.  Foto: Eiendomsmegler1

Nyheiter

Statsbygg vil no kvitte seg med eit tidlegare asylmottak for unge i Volda.

Årsaka er at asylmottaket, som vart oppretta av Volda statlege mottak i 2015, har stått tomt sidan januar. Og no er eigedomen utan leigetakarar.

- Det har vore bra interesse for eigedomen, fortel eigedomsmeklarfullmektig Bjørn-Erik Fosseide i Eiendomsmegler1.

Dei skal selje eigedomen som ein gong i tida var hjelpepleieskule. Også Sunnmørsheimen har vore mellom leigetakarane.

Det er sett ein pris på sju millionar kroner for eigedomen like ved høgskulen og sjukehuset.

Eigedomen vert karakterisert som eit rehabiliteringsprosjekt fordi bygget har vore utsett for slitasje.

-Eigedomen har bra potensiale for utleige, og prisen er overkomeleg. Men det høyrer også med at det ligg føre utfordringar i høve framtidig regulering fordi området ikkje kan byggjast ut før etter at ny E39 er bygt. I verste fall må Volda kommune ekspropriere, seier Bjørn-Erik Fosseide.

 I salsprospektet står det at det truleg ikkje er mogleg å bygge ut eigedomen i løpet av den neste 10-årsperioden.