No arrangerer kommunen ei eiga messe for barnehagane

  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

- Barnehagemessa er både ein stad der barnehagane får vise fram noko av arbeidet sitt gjennom utviklingsarbeidet «Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing,» og studiedag for dei tilsette. På kulturhuset denne dagen kjem det til å vere til saman 200 deltakarar. Av desse er om lag 170 tilsette i våre barnehagar, skriv Ørsta kommune.

- Vi har også invitert utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og kommuneansvarlige på barnehageområdet i nærliggande kommunar til å ta del på messa. Om lag 30 eksterne deltakarar har meldt at dei kjem.

Ringer i vann

- Dei som skal ta del på fagdagen vil få høyre både våre samarbeidspartar gjennom tre år, firmaet Ringer i vann, og lokale førelesarar frå to av våre barnehagar.  Ørstabarnehagen har gjennom Lokal rammeplan fokus på kor viktig nynorsken er for identiteten til borna våre, og korleis dei arbeider med det skal Dalane barnehage legge fram, skriv kommunen.

-  Å ha gode system som er enkelt å finne fram i er også viktig, og alle barnehagane i Ørsta har chromebook og nyttar Googleplattform i sitt arbeid. Dette skal Hovdebygda barnehage vise oss meir om.

- Messa er i stor grad meint som ein delingsarena for våre tilsette, men er det nokon som har lyst å kike innom i løpet av dagen, så er ein velkomne til det. Då vil ein møte tilsette som står på stand og viser fram arbeid frå sin barnehage, heiter det frå kommunen.