Inviterer til kulturfest i Ørstahallen

Det vert invitert til ein alle tiders kulturkafe i Ørstahallen den 11. oktober. Då går fleire aktørar saman for å arrangere ei flott samling på verdsdagen for psykisk helse.

Inviterer til kulkturkafe: Dag Aukrust, Stine Riise, Sunniva Elise Myrhol, Aashild Haugland Haram, Lena Renate Moldskred, Anneth-Olin Lianes, Rebecca Riise Bjerknes og Preben Trellevik. 

I fjor rekrutterte vi fleire som bøsseberarar under kulturkafeen, og kanskje kan vi gjere det også i år

Nyheiter

– Vi plar ha kulturkafe om lag annakvar månad, i regi av flyktningkontoret og frivilligsentralen. Men i fire år har vi i samband med verdsdagen for psykisk helse, også samarbeidd med Møteplassen på Viketunet og Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP). Det gjer vi også i år, fortel Rebecca Riise Bjerknes, leiar for frivilligsentralen.

Det nye av året er at kulturkafeen har flytta frå Kaihuset til Ørstahallen.

– Dei arrangementa vi har hatt sidan hallen opna, har samla nær stinn brakke kvar gong, fortel Riise Bjerknes.

Kulturkafeen er open for alle, og arrangementet støttar også tv-aksjonen.

– Vi sel billig mat. Han kostar femti kroner, men det er lov å betale meir. Og vi har tombola, der vi har uallminneleg mange og flotte gevinstar som er sponsa frå næringslivet, fortel Preben Trellevik frå flyktningkontoret.

Det er folk som er med på introduksjonsprogrammet for flyktningar som skal stå for mykje av maten til arrangementet.

– Akkurat no er det flest folk frå Syria. Det vil seie at det vert mykje syrisk mat å få kjøpt, fortel Trellevik.

I tillegg vert det kaffi og kaker.

– Ingen skal gå svoltne heim, seier Riise Bjerknes.

Inntektene frå arrangementet går altså til tv-aksjonen, som i år har temaet «No er det hennar tur». Pengane frå aksjonen skal gå til Care, og ymse prosjekt for kvinner i fattige land.

Sjølve tv-aksjonen er i år 20. oktober.

– Tv-aksjonen har jo ofte tema som er relaterte til flyktningar. I fjor rekrutterte vi fleire som bøsseberarar under kulturkafeen, og kanskje kan vi gjere det også i år, seier Trellevik.

Og fordi arrangementet skjer i samband med verdsdagen for psykisk helse, vil mellom anna LPP ha stand under kafeen.