Marit Aklestad (SV)

- Vi har vedteke klimakrise, no må vi få ein plan for plast

Etterlyser: Marit Aklestad meiner plastproblemet er stort også i Ørsta, og at administrasjonen i kommunen snarast må leggje fram ein enkel tiltaksplan mot forsøpling. 

Nyheiter

Marit Aklestad (SV) etterlyser ein enkel kommunal tiltakspakke mot forsøpling.

– Vi har venta og venta. No håper eg at det nye kommunestyret får lagt fram saka i deira første møte, seier Aklestad.

Kommunestyret bad i fjor samrøystes om at administrasjonen skulle legge fram ein enkel tiltakspakke mot plastforsøpling innan juli 2019. Og i ein interpellasjon frå Aklestad var ordføraren positiv til dette.

Ørsta-problem

– Plastforsøpling er heilt klart eit problem også i Ørsta kommune, noko ryddeaksjonane som er utført den seinare tida viser. Som ordførar stiller eg meg positiv til å utarbeide ein enkel handlingsplan med lokale tiltak mot slik forsøpling. På grunn av den pressa situasjonen administrasjonen er i no, er det dessverre ikkje ledige ressursar til å få utarbeide ein slik plan allereie til utgangen av 2018.

– Eg vil jobbe for at det vert innarbeida midlar i budsjett for 2019 slik at det kan verte gjort innan sommaren 2019.

Slik svara ordførar Stein Aam.

– Men framleis har vi ikkje fått lagt fram nokon plan. Eg har forståing for at administrasjonen har mykje å gjere, likevel forventar eg at vedtak i kommunestyret vert følgde opp. Eg snakkar ikkje om nokon omfattande klimaplan i denne omgang, men ein enkel og lett forståeleg plan eller tiltakspakke for innbyggjarane i Ørsta, seier Aklestad.

Ho minner om at Ørsta kommunestyre nyleg vedtok klimakrise, og at det då er viktig å følge opp saka.

I interpellasjonen frå Marit Aklestad skreiv ho m.a. at plast held på å bli eitt av dei største miljøproblema våre.

Havet

– Enorme mengder søppel hamnar i havet kvart år, og mellom 70 og 80 prosent av dette er plast. Problemet er at den ikkje forsvinn, men berre blir broten ned i mindre og mindre bitar, til mikroplast. Om vi ikkje endrar kurs, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i havet.

– Plasten kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff. Den finst no i alle ledd i næringskjeda, og landar til slutt på middagsbordet vårt. Plast er dessutan i stor grad laga av fossil olje, som vi bør redusere bruken av for å nå klimamåla, skreiv Marit Aklestad m.a.