Opnar brannstasjonen for folket

– Vil formidle brannførebyggjande bodskap

Open dag: Ørsta brann og redning opnar Ørsta brannstasjon laurdag. Arkivfoto 

Nyheiter

Laurdag inviterer Ørsta brann og redning til open dag ved Ørsta brannstasjon.

– Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året då talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier brannsjef Thomas Winther Leira i ei pressemelding.

Frå brannvernet si side vert det også oppmoda til å gjennomføre brannøvingar heime. Ei fersk undersøking viser at kvar femte familie ikkje har tenkt gjennom kva dei skal gjere om det byrjar å brenne i eigen bustad.

– Vi oppmodar alle til å gjennomføre ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkje klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute.