Vasslekkasje ved Volda ungdomsskule

Volda ungdomsskule  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Mykje nedbør i helga har ført til ein større vasslekkasje ved Volda ungdomsskule.

– Det var eit lite sjokk då vi kom inn her på måndag og såg dei store dammane på golvet. Det har vore eit problem at det drypp frå taket tidlegare, men vi har aldri opplevd ein så stor lekkasje som dette, seier rektor Inger Anne Kvamme til Nærnett.

Det var NRK Møre og Romsdal som først melde om saka. Lekkasjen vart oppdaga måndag etter store nedbørsmengder i helga. Skulepersonellet har brukt bøtter og moppar fleire stadar i det eldre skulebygget. Det er vedteke at skal byggast ein ny ungdomsskule i Volda.