Kokepåbod på Bondalseidet

Det er funne koliforme bakteriar i drikkveatnet på Bondalseidet.
Nyheiter

Grunna funn av koliforme bakteriar i Skibakken og Skisenteret høgdebasseng, ber Ørsta vassverk om at alle abonnentar til kommunal vassforsyning på Bondalseidet kokar vatn som skal nyttast til drikke og matlaging.

- Driftspersonell frå Ørsta kommune har sett i gong strakstiltak. Det er mistanke om at høgdebasseng i området er årsak til problemet og dei vert derfor snarast kopla ut. Normal vassforsyning vil likevel halde fram, men med kokepåbod, heiter det på Ørsta kommune si heimeside.

Lokal skilting om påbod blir sett ut.

Oppheving av påbod vil bli varsla på kommunen si nettside.