Fantastiske Osberget

Har inngått toårig avtale med Høgskulen i Volda

Nyheiter

(Vikebladet Vestposten): Ulsteinvik-verksemda Fantastiske Osberget har nyleg skrive under ein toårig avtale med Høgskulen i Volda, kring visuell profil, rådgjeving og grafiske tenester. Avtalen inneheld også ein opsjon på ytterlegare to år.

- Dette er ein større kontrakt for Fantastiske Osberget. Høgskulen i Volda er ein av dei største kompetanseorganisasjonane i fylket med om lag 4.000 studentar og 350 tilsette, skriv Fantastiske Osberget til Vikebladet Vestposten.

- Fantastisk ære

I første omgang skal Fantastiske Osberget gje tilbod på ny trykt studiekatalog, digitale annonsar og standar.

I tildelingskriteriet scora Fantastiske Osberget høgt på kompetanse, levering og gjennomføringsevne. I tillegg kunne den erfarne gjengen i Osberget vise til ei rekkje referansar på liknande oppdrag. 

– For oss er det ei fantastisk ære å bli tildelt eit slikt prestisjefullt oppdrag. Vi fekk dette oppdraget takka vere våre dyktige medarbeidarar, seier dagleg leiar Åge Grimstad og legg til:

– Dette gler vi oss stort til - og vi ser fram til eit kjekt samarbeid med Høgskulen i Volda.

Denne saka vart først publisert i Vikebladet Vestposten.