Grønt lys for kortare jordleigeavtale

– Merkesteinen vert lagt no

Samrøytes: Landbruksnemda gjekk samrøytes inn for å seie ja til 4-årig jordleigeavtale for ein bonde i Ørsta kommune tysdag. 

Nyheiter

– Dette gir føringar for fleire saker som ligg på bordet.

Det sa fungerande leiar Anne Sølve Vatne (H) då landbruksnemnda sa ja til ei 4-årig jordleigeavtale tysdag.

Norma i Ørsta kommune er at jordleigeavtalene er på ti år, men det er nokre unntaksreglar som gir rom for seie ja til kortare avtalar. I saka som vart handsama tysdag var livssituasjonen grunngjevinga for å søke om ein kortare avtale.

– Det kjem fleire liknande saker og då må likebehandling ligge i botnen. Merkesteinen vert lagt no om de seier ja, sa assisterande rådmann Eldar Øye.

– Ein avtale er betre enn ingen avtalen, og lova gir opning for dette, sa Vatne.

– All jord skal drivast. Kvifor skal vi då la nokre få kortare tid innanfor prinsippet, medan andre uansett låser seg til 10 år. Det er lett å gjere det slik det er lagt opp til, men eg har ikkje heilt ro for at vi er prinsippfaste, sa Sigve Aklestad (KrF).

Landbruksnemnda gjekk samrøystes inn for å seie ja til ein 4-årig avtale. Bonden har frist til 1. november med å skaffe fram ein avtale.