Sju nye meldingar om sjuke hundar

Nyheiter

Sidan måndag har to nye hundar døydd av sjukdomsutbrotet som føregår no, ifølgje Mattilsynet. Tilfella er frå seks ulike fylke. Fem andre hundar har vorte melde sjuke, opplyser Mattilsynet i ei oppdatering tysdag. Dei nye tilfella, som er melde direkte til Mattilsynet, er frå Møre og Romsdal, Akershus, Sogn og Fjordane, Buskerud, Trøndelag og Aust-Agder.


Veterinær Siw Lødemel ved Ørsta Volda dyreklinikk:

- Hundeeigarar i Ørsta og Volda er uroa


Mattilsynet følgjer fleire spor i samarbeid med Veterinærinstituttet for å finne årsaka. Dei tilrår å avgrense nærkontakt mellom hundar.

Den dødelege hundesjukdommen byrja å spreie seg i slutten av august. Det er påvist sjukdomstilfelle over heile landet. Så langt har eit tjuetals av dei sjuke hundane mista livet etter å ha vorte ramma av blodig diaré.