Røykla Bilvarehuset under øving

  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ørsta brannvesen gjennomførte onsdag brannøving midt i Ørsta sentrum. Lokala til Bilvarehuset vart røyklagde og mykje brannmannskap var på staden.

- Vi har øving der vi røykla verkstadhallen til Bilvarehuset. Det har og vore øvd med å hente ut innklemde personar under bil, og vi har vore inne med røykdykkarar, seier brannmeister Kurt Kristiansen.

Brannmeister Kurt Kristiansen.  Foto: Svein Aam

Ørsta brannvesen vil halde fram med øvinga til om lag 19.30.