Per Ivar Lied (Sp) kan bli leiar for Utdanningsutvalet

– Er aktuell kandidat, seier Lied.

Per Ivar Lied - ny leiar for Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal ?   Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Senterpartipolitikar Per Ivar Lied frå Ørsta vert leiar for Utdanningsutvalet i fylkestinget, skriv Sunnmørsposten. I følge avisa har Ørsta-ordførar Stein Aam vore pådrivar for at Lied skal få dette vervet.

– Når vi ser kor svakt representert vi på søre Sunnmøre er i fylkestinget, kan vi ikkje godta at denne posisjonen forsvinn nord for Romsdalsfjorden, seier Stein Aam til Sunnmørsposten.

Per Ivar Lied stadfester at han er kandidat for leiarvervet i Utdanningsutvalet.

– Eg er eit av fleire alternativ for Senterpartiet. Dette skal drøftast på første gruppemøte i partiet, som er måndag, seier Lied til Møre-Nytt.

Utdanningsutvalet er fagutval for skulesaker, og utbygging av Ørsta Vidaregåande skule er ei sak som er høgt på dagsorden.