Over 700 har sendt høyringssvar om vindkraft

Olje- og energidepartementet har fått inn 760 høyringssvar på nasjonal ramme for vindkraft.   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

Olje- og energidepartementet har fått inn over 700 høyringssvar om nasjonal ramme for vindkraft i Noreg, og dei ventar fleire.

Til og med 17. september har regjeringa fått inn 760 høyringssvar om nasjonal ramme for vindkraft, skriv Nationen. Det er i hovudsak privatpersonar som har sendt inn sitt syn på saka, men òg kommunar of fylkeskommunar, interesseorganisasjonar og hyttevel.

Det er mogleg å sende inn høyringssvar fram til 1. oktober, departementet ventar å få inn fleire svar fram mot denne fristen.