Open dag hos Røde Kors i Ørsta

Blir rekorden i bruskasseklatring slått?

Laurdag inviterer Ørsta Røde Kors på nytt til ope hus i Strandgata.
Nyheiter

– Her vert det aktivitetar for alle, enten du vil prøve å slå rekorden i bruskasseklatring eller berre kome innom for å slå av ein prat og få deg ein kopp kaffi og ei svele, fortel Jarle Steinar Bjørdal  leiar i Ørsta Røde Kors

Ørsta Røde Kors har i dag tilbod til alle frå 13 år og oppover og laurdag lovar dei å prøve å vise fram desse aktivitetane.

RØFF, Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv, har aktivitet for ungdom i ungdomsskulealder (13-17 år). Her er fokuset  knytt opp i mot friluftsliv og tilhøyrande førstehjelp. Hjelpekorpset er dei som rykker ut når nokon er sakna, ved ulykker, naturkatastrofar eller andre krisesituasjonar. Dette er kanskje den gruppa flest folk assosierer med Røde Kors. 
Omsorg er det som før heitte Besøksteneste. Namnet seier det meste, dei fleste aktivitetane er for eldre eller einslege som held til på institusjonane i kommunen eller bur på ein omsorgsbustad. 

– Under Ope hus-arrangementet er alle desse til stades og fortel om og viser fram sine aktivitetar. For born og ungdom vert det høve til å få båtturar på fjorden, prøve bruskasseklatring eller spidde si eiga pølse på bål. Pølser og saft er gratis, seier Jarle Steinar Bjørdal.

– Ørsta Røde Kors er svært takksam for all støtta vi har fått frå bedrifter og innbyggjarar i Ørsta kommune og vil med denne dagen gi noko tilbake, seier Bjørdal.