Sa nei til frådeling av ubrukt og attgrodd jordbruksareal

– I mine auge er ikkje dette viktige ressursar for eigedomen

Synfaring: Magne Krøvel orienterte om området og planane på Krøvel tysdag. Landbruksnemnda sa nei tim omdisponering og frådeling av området til venstre i biletet. 

Nyheiter

Kenneth Kalvatn Krøvel hadde søkt Ørsta kommune om frådeling av 3,5 daa areal. Det frådelte området skulle igjen delast i to nye eigedomar. Den eine delen skulle nyttast til bustadtomt og den andre delen skulle vere tilleggsareal til ein fritidseigedom. I vått septembervêr var landbruksutvalet på synfaring tysdag. Magne Krøvel, som er interessent i saka, orienterte om planane og viste fram eit attgrodd og myrete areal som er definert som jordbruksareal.