Veterankøyretøydagen regnar vekk

  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Veterankøyretøydagen i Follestaddalen søndag er avlyst. Han har regna vekk.

– Leiinga i Follestaddal Idrettslag ser inga anna løysing enn å avlyse veterankjøretøydagen. Markane er allereie metta med vatn, og det er meir nedbør i vente. Vi kan ikkje risikere å øydelegge markane med tunge køyretøy og parkeringsplass for gjestar, seier Odd Arild Langstøyl i Follestaddalen IL.

Han rettar ei stor takk til alle dei som har sagt seg villige til å hjelpe til som funksjonærar, lage mat eller bidra på ein annan måte.