Lang ventetid på tannlegenarkose

Sonen måtte gå med vonde tenner i ti månader

Smetrefullt: Turid Nautvik frå Folkestad har opplevd det som fortvilande at sonen måtte vente ti månader før han fekk hjelp med vonde tenner.  Foto: Oddhild Harman

Nyheiter

Anders, som har barne-autisme, er livredd tannlegar. Derfor må han leggjast i narkose på sjukehus, om han treng behandling. Men etter tilvisning til narkose- tannlege i september i fjor, skulle det ta 10 månader før han fekk hjelp.