Snart må også honndølene betale eigedomsskatt

TAKST: Måndag startar takseringsarbeidet for å fastsette eigedomsskatt i Hornindal. I Bjørke-området skal eigedommane takserast på nytt. 

Nyheiter

Berre ei veke etter valet i nye Volda, byrjar arbeidet med å taksere honndølene sine hus og eigedommar. Hornindal vert med i Volda frå nyttår, og må då for første gong betale eigedomsskatt.

Arbeidet med å taksere eigedomar i Hornindal og Bjørke-området startar på måndag. Eigedommar i Bjørke-området skal takserst på nytt, etter retningslinjene i Volda kommune.

Det er næringseigedom, bustaddel på landbrukseigedom, fritidseigedom og nokre få bustadeigedomar som no skal takserast. For dei aller fleste bustadeigedomar har vi ein formueverdi basert på likningsverdi frå Skatteetaten som vil bli brukt som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten.

Taksering og synfaring vil bli gjennomført av takseringsfirmaet Injector AS på vegner av Volda kommune. Det skal ifølgje eigedomsskattelova berre vere ei utvendig synfaring og ved synfaringa vil det bli tatt bilete av eigedommen.

Dei som gjennomfører synfaringa vil ha på seg gul vest og bere legitimasjon for å kunne identifisere seg sjølve.

Eigar treng derfor ikkje å vere til stades ved synfaringa. I tilfelle der takstmann eller eigar meiner det er behov for synfaring med eigarrepresentant til stades, vil dette bli avtalt i god tid. Desse synfaringane vil i så fall bli gjennomført først i oktober eller november.

Kommunestyret i nye Volda vil oppnemne ei sakkunnig nemnd som vedtek eigedomsskattetakstane på bakgrunn av forslag frå takseringsfirmaet.

Skattesatsen for eigedomsskatt for dagens Hornindal og Bjørke-området vil vere 1,0 promille i 2020, medan den i dagens Volda vil halde fram med 2,0 promille som i dag.