Rotevatn fekk ikkje høyre orienteringa om si eiga omplassering

Dekan Odd Ragnar Hunnes orienterer medan avsett dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tillhøyrar - før ho vart sendt på gangen av leiinga.  Foto: Skjermdump av streaming frå styremøtet.

Nyheiter

Tidlegare dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn bad torsdag om å få vere til stades då høgskulestyret i Volda skulle bli orientert om omplasseringa av henne. Leiinga sa nei, melder nettavisa Khrono.

Etter ein arbeidsmiljøkonflikt på Avdeling for mediefag vart Rotevatn mot sin vilje omplassert av leiinga 12. august. Ho vart erstatta som dekan av pensjonert dosent Odd Ragnar Hunnes.

Torsdag hadde det nye høgskulestyret sitt første møte, og då orienterte Hunnes om oppfølging av utfordringane med arbeidsmiljøet på avdelinga, - medan Rotevatn sat på tilhøyrarbenken. Hunnes vedgjekk at det framleis var konfliktar ved avdelinga, men at gruppa som skulle følgje opp arbeidsmiljøproblema ved avdelinga framleis ikkje har hatt sitt første møte.

— Det er ikkje tvil om at det er ein del usemje, og også konfliktar. På eitt punkt er det ekstern hjelp inne, sa Hunnes til styret.

Vidare sa han:

— Institutta skal vera grunneiningane, sa Hunnes, og viste til eit arbeid som er gjort ved Avdeling for samfunnsfag og historie, der han tidlegare var dekan. Der er det laga ei skildring for kva oppgåver instituttleiarane skal ha. Å dela avdeling for mediefag inn i institutt var ei av endringane Rotevatn gjorde då ho var dekan, og det var ikkje berre godt likt.

Rotevatn sin rådgjevar frå fagforeininga Samfunnsviterne Geir Waage Aurdal  stadfestar overfor Khrono at han og Rotevatn var til stades på den opne delen av møtet, men då sakene om plassering av aksjar og omplassering av Rotevatn skulle opp blei møtet lukka og Rotevatn og andre tilhøyrarar sende på gangen. Då den lukka delen var over, var også styremøtet over.

— Vi bad om å få vere til stades under behandlinga som handla om Rotevatn og peika på at styremøte etter universitets- og høyskolelovas §9-6 (6) skal vere opne, skreiv Geir Waage Aurdal i ei tekstmelding til Khrono torsdag kveld, og han held fram:

— Vi viste til at dei omsyn som ligg bak høvet om å halde møte bak lukka dører ikkje gjeld for oss, skriv han, og opplyser at arbeidsgjevar ved rektor og styreleiar Roppen og høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen orienterte dei to før møtet om at dei ville lukke møtet også for Rotevatn og Waage Aurdal.

— Kva var grunnen til dette?

— Det er litt uklart for meg kva grunngjevinga var, anna enn at dei viste til styret sin forretningsorden og at dette var ei personalsak, svarar Waage Aurdal.

Khrono kontakta Roppen på epost torsdag kveld, og rektoren svarte kort:

— Var Rotevatn kalla inn for å møte styret?

— Nei

— Fekk styret høyre hennar versjon av saka?

— Nei

— Var ho med på den lukka delen av styremøtet også - der de snakka om omplasseringssaka?

— Nei

Khrono melder at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vil klage si eiga sak inn for Kunnskapsdepartementet.

— Det er med undring me ser at styreleiar ikkje har sett klagesaka på saklista over vedtakssaker. Styret får ikkje realitetsbehandla saka. Konsekvensen av dette er at me sender klagesaka til departementet, skriv Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne i ein sms til Khrono tidlegare denne veka.

Oppdatering: Roppen sendte fredag morgon ein utdjupande kommentar til Khrono, der han viser til at Rotevatn og Samfunnsviterne spurde om å få delta under den lukka orienteringssaka ein knapp time før styremøtet skulle ta til.

— I sakspapira som vart sende ut før møtet hadde styret alt fått dokumenta som Samfunnsviterne hadde bede om at styret skulle få tilgang til. Dermed burde saka vere nok opplyst, svarar han, og legg til at styret blei informert om førespurnaden frå Samfunnsviterne.