Lynet slo ut straumen

Natt til fredag gjekk straumen fleire stader i Ørsta.

  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Mørenett melde kl. 03.00 om straumbrot på Vallabøen grunna lynnedslag.

Klokka 05.00 hadde dei fleste fått att straumen. Unnataket er tretten husstandar i Nupen. Det er estimert rettetid til kl. 12.00 i dag.

Også i Fiollestaddalen slo lyn ut straumen. Åtte husstandar i området Øyehaug og Foldal er framleis utan straum. Estimert rettetid er kl. 12.00.