Fylkespolitikarar: Look to Ørsta

- Til fylkespoltikarane har vi følgande råd: Look to Ørsta, skriv Møre-Nytt redaktøren i leiarartikkelen fredag.

Ivar Dagfinrud løftar handa til ordførar Stein Aam, som etter knock out i ein boksekamp.  Foto: Roy-Arne Folkestad

I fylkes- politikken vart vi vitne til politikk på sitt verste.

Nyheiter

«Det har vore eit veldig polariserande val». «Sinne mot noko, eller nokon, har mobilisert veljarar». «Styringspartia blødde, einsakspartia vann».

Dette vart sagt då kommentatorar og ekspertar samanfatta valet. Dei kan ikkje ha fått med seg kva som har skjedd i Ørsta.

Ingen av dei tre spissformuleringane kan brukast her. I Ørsta har vi opplevd ordførarutfordrarar som har rosa sitjande ordførar. Her har ikkje vore sinne, men semje. Og det styrande partiet tok ein braksiger.

Og jammen heldt ikkje dette fram i forhandlingane også. Ein allianse med eitt av småpartia hadde gitt Senterpartiet full kontroll. I staden valde Stein Aam å bygge eit solid samarbeidsfundament. Mottoet ser ut til å vere som i breiddefotball: «Alle skal med».

Nokon vil kanskje innvende at det kunne gjort seg med ein skarp opposisjon og litt friske motsetnader i kommunestyret, men når vi ser på kva som skjer i fylkespolitikken er det politiske fredelege Ørsta å føretrekkje.

I fylkespolitikken vart vi vitne til politikk på sitt verste, med rå maktkamp og kynisk jakt på posisjonar. Omsynet til kven veljarane hadde stemt på tel visst mindre enn å få fylkesordførarvervet. Å skaffe seg ein maktbase betyr mindre enn å få feite bein.

Dette kan vere dårleg nytt for Ørsta, her vi ventar på ei viktig fylkespolitisk avgjerd om å bygge ut Ørsta vidaregåande skule. Når fylkespolitikarane er så ubereknelege om fordelinga av verv, kva kan då ikkje skje når dragkampen om pengebruken byrjar? Det kan bli ein kamp frå sak til sak, utan heilskap, og alt kan skje. Vi får håpe det roar seg når kvardagen kjem. Og til fylkespoltikarane har vi følgande råd: Look to Ørsta.