Fleire politikarar klagar over dårleg standard på E39 i Ørsta

E39: Vegen gjennom Rindane har trong for oppussting. 

Nyheiter

Mellom dei som synest standarden bør hevast mykje er Hans Olav Myklebust (Frp).

– Det er alt for dårleg om trafikktrygging på E39. Vegen gjennom Rindane manglar breidde og gul stripe, der er også for dårleg lys, og mangel på gang- og sykkelveg på store delar av strekninga. Ja, mange syklar med livet til låns. Dette går ikkje an i ei tid der det skal satsast på sykkel og det miljøvenlege. Dette må vi minne vegvesenet om.

Det sa Myklebust då kommunestyret diskuterte saka på siste møte i samband med innspel til Statens vegvesen.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) var samd:

– Vi må gi nokon ansvaret med å følge opp fristar med å rapportere inn til nasjonal Transportplan, og finne ei arbeidsgruppe som kan ta dette ansvaret. Svein Sunde kan legge strategiske, langsiktige tankar for E39 gjennom selskapet Gode vegar. For pressar vi ikkje på, får vi ikkje gjort noko, sa Vinjevoll.

Anne Sølvi Vatne (H) meinte det er viktig å sjå heilskapen frå Festøya til Furene og at det vert trafikksikkert for alle.

Stein Aam (Sp):

– Svein Sunde er ein kapasitet vi skal bruke, og vi må følge opp heilt frå Osbrua og Melsvegen til Festøya. Det er regulering på gang i Sandvika, Håvoll og Masdal, og denne saka må følgast opp, sa Aam.