Etterlyser svar om asbest på rådhuset

Hovudverneombod Hild Våge etterlyser kommunalt svar om asbest.

Rådhus: Hovudvernombodet vil ha svar på om tilsette har vore utsett for asbest.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Saka gjeld asbest på Ørsta rådhus og ei melding frå verneombodet om bekymring kring spørsmål om tilsette har vore utsett for asbest ved vedlikehald av ein korridor bak brannstasjonen.

Ein tilsett har kontakta verneombodet med spørsmål om det er teke prøver i høve til asbest eller om det er gjort ein risikoanalyse i høve arbeidet. Dette har ein ikkje fått svar på.

– Arbeidstilsynet seier på generell basis at dette er Ørsta kommune pliktig til å legge fram dokumentasjon på.

– Det skal ikkje vere slik at dei tilsette skal gå rundt og kjenne seg usikre på om dei er utsette for fare for helsefarleg påverknad på arbeidsplassen sin, skriv Hild Våge til konstituert personalleiar Kari Flø.

Våge viser til arbeidsmiljølova om arbeidsgivar si handlingsplikt, og krev at det vert lagt fram dokumentasjon på at det anten er teke prøver i høve til asbest eller at arbeidsgjevarhar laga ein risikoanalyse før arbeidet starta.