Coop Marked Lauvstad kåra til Årets Butikk

Tidlegare butikksjef Ola Sætre og ny butikksjef Liv Randi Røyseth.   Foto: Kilian Munch

Nyheiter

På Coop Marked og Matkroken sitt årlege butikksjefmøte fekk Coop Marked Lauvstad den gjevaste prisen av dei alle, nemleg prisen Årets Butikk 2018.

Tysdag var butikksjefar frå alle landets Coop Marked og Matkroken-butikkar samla for fagleg påfyll og for å heidre dei beste butikkane.  Og det var ein svært glad butikksjef som tok imot den prestisjetunge prisen:

-Dette er heilt fantastisk og veldig overraskande. Eg vart rett og slett tatt på senga her, sa Ola Sætre, butikksjef i Coop Marked Lauvstad.

Lauvstad-butikken fekk prisent fordi dei hadde best «nøkkeltal» i 2018. Kriteria er mellom anna omsetnadsutvikling og kor tilfredse kundane er. Coop Marked Lauvstad skårar godt over kjede-gjennomsnittet. Årets butikk-prisen vert delt ut i to kategoriar; for butikker under 12 millionar kroner i omsetnad og for butikkar med over 12 millioner kroner i omsetnad. Coop Marked Lauvstad vann sistnemnde kategori.

Prisutdelinga  var ekstra spesiell for Sætre.

- Eg har jobba i Coop sidan 1. april 1975. Fram til 2002 jobba eg i Coop elektro, deretter jobba eg på Byggmix Volda fram til 2010. Dei siste åra har eg vore butikksjef på Coop Marked Skjolden før eg gjekk av med pensjon 30. august i år. Å vinne prisen for Årets butikk i mitt siste år som butikksjef kan nesten ikkje beskrivast!  Eg har heile tida jobba med å setje kunden i fokus, og gjere alt for at kundane får den beste moglege handleopplevinga, seier Sætre.