Byggjestart på mediehuset i Volda i månadsskiftet oktober/november

MEDIEHUS: Allereie våren 2021 skal det nye mediehuset stå ferdig.   Foto: Statsbygg.

Nyheiter

Allereie om ein og ein halv månad kan entreprenøren byrje arbeidet på det nye Mediehuset ved Høgskulen i Volda. Byggjetid er berekna til eitt og eit halvt år, så allereie våren 2021 skal huset stå ferdig.